A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statsforvaltaren i Vestland søkjer jurist som kan handtere innsyn etter offentleglova i eit avdelingsmiljø i Bergen. Fristar og krav krev rask og grundig vurdering, med jamnleg samarbeid med fagavdelingar og andre tilsette.
Stillinga ligg i avdelinga organisasjon og strategi og krev sjølvstendig arbeid, struktur og evne til å ta avgjerder i eit hektisk tempo. Arbeidet inneber vår moderne offentlege teneste og reiskapar som støttar innsynskrav og rettstryggleik.
Kvart år behandlar Statsforvaltaren i Vestland fleire tusen krav om innsyn frå innbyggarar, media og advokatar. Kvart krav krev raske og grundige vurderingar etter offentleglova og anna relevant regelverk. No søkjer vi ein jurist som trivst med høgt tempo, faglege utfordringar og viktige avgjerder. Innsynskrava gjeld saksdokument frå heile breidda av statsforvaltaren sitt virke – barnevern, helse og omsorg, plan- og byggesaker, landbruk, alkoholsak, klagebehandling og meir. Du får difor oversikt over korleis statleg forvaltning fungerer i praksis, og samarbeider tett med fagfolk frå mange fagområde.
Mange av dokumenta inneheld sensitive opplysningar, noko som set høge krav til handsaminga opp mot gjeldande regelverk. Fristane er korte, og arbeidstempoet er til tider høgt. Arbeidet er viktig: Innsyn er ein føresetnad for open forvaltning, samstundes som vi sikrar rettstryggleiken til enkeltmenneska det gjeld. Vil du bidra til dette i eit godt og triveleg arbeidsmiljø?
Stillinga ligg i avdelinga organisasjon og strategi, med kontorstad i Bergen.
Vi søkjer deg som:
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning fra utlandet legg du ved godkjenning fra HK-dir.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 630 000 - 740 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Søknadsfrist: 30.10.2026