Seksjonsleiar ved Kronstad DPS,

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

New Jersey

On-site

USD 145,000 - 197,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Job summary

Kronstad DPS i Bergen søkjer seksjonsleiar for Seksjon for gruppebehandling. Du vil leia eit ekspertmiljø med fagleg utvikling og sørge for god pasientflyt og høg fagleg standard.

Vi søkjer ein trygg og utviklingsorientert leiar som kan kombinere fagleg utviklingsarbeid med god drift og samarbeid i klinikken.

Qualifications

  • Spesialistkompetanse innan psykologi eller medisin
  • Erfaring frå psykoterapeutisk behandling av personlighetsforstyrringar
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning

Responsibilities

  • Sikre at behandlingstilbodet følgjer gjeldande faglege retningslinjer og overordna krav
  • Vidareutvikle seksjonen sitt faglege tilbod i samarbeid med medarbeiderane og klinikkleiinga
  • Leggje til rette for eit godt, trygt og lærande arbeidsmiljø
  • Delta aktivt i leiargruppa ved Kronstad DPS og rapportere til klinikkleiar

Skills

Fagleg sterk
Relasjonsorientert
Strategisk tenkning
Lederferdigheter

Education

Høgare helsefagleg utdanning (psykologspesialist eller psykiater)

Job description

Vil du leie eit spesialisert fagmiljø for gruppebehandling innen psykisk helsevern?

Kronstad DPS søkjer seksjonsleiar for Seksjon for gruppebehandling. Vi ser etter ein fagleg sterk, trygg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å videreutvikle eit etablert spesialistmiljø og bidra til gode tenester for menneske med samansette psykiske lidingar. Som seksjonsleiar får du ansvar for eit kompetent og engasjert fagmiljø med høg spesialistdekning og brei erfaring innen psykoterapi, gruppebehandling og utgreiing. Du blir ein del av leiargruppa ved Kronstad DPS og får høve til å påverke utviklinga av både seksjonen og klinikken.

Om Kronstad DPS

Kronstad DPS har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune, med eit opptaksområde på om lag 100 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er organisert innen fagområda allmennpsykiatri og psykose, og tilbyr døgn-, ambulante og polikliniske tenester. Vi arbeider for å gi kunnskapsbaserte tenester med høg kvalitet, god samhandling og eit sterkt fokus på pasientforløp.

Om seksjonen

Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og differensiert behandlingstilbod, og arbeider kontinuerleg med utvikling av tenester som møter behova til både pasientar og klinikken.

Vi tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe, basert på ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.

Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsproblematikk, angstlidingar, depresjon og livskriser. Utgreiing er ein sentral del av verksemda. Seksjonen tilbyr mellom anna mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk og korttidstilbod der høgintensiv trening (HIT) inngår som del av behandlinga.

Vi ønskjer oss

Vi søkjer ein fagleg sterk og relasjonsorientert leiar med interesse for psykoterapi, gruppebehandling og fagutvikling. Du trivst med å leie kunnskapsmedarbeidarar og evnar å kombinere fagleg utviklingsarbeid med god drift. Du er opptatt av kvalitet, pasienttryggleik og samarbeid, og ser verdien av å byggje sterke fagmiljø over tid.

Vi ønskjer særleg ein leiar som:

  • har god forståing for behandling av personlegdomsproblematikk og samansette psykiske lidingar
  • evnar å tenkje strategisk og heilskapleg på vegne av heile Kronstad DPS
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, openheit og utvikling

Erfaring med fagleg leiing, utvikling av behandlingstilbod og arbeid i spesialiserte psykoterapeutiske fagmiljø vil bli tillagt særleg vekt.

  • Sikre at behandlingstilbodet følgjer gjeldande faglege retningslinjer og overordna krav
  • Vidareutvikle seksjonen sitt faglege tilbod i samarbeid med medarbeidarane og klinikkleiinga
  • Leggje til rette for eit godt, trygt og lærande arbeidsmiljø
  • Halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • Bidra til god samhandling med kommunale tenester og samarbeidspartnarar i spesialisthelsetenesta
  • Sjå Kronstad DPS sin samla aktivitet i eit heilskapsperspektiv
  • Bidra til at seksjonen sine ressursar vert utnytta best mogleg til fordel for heile klinikken
  • Delta aktivt i leiargruppa ved Kronstad DPS og rapportere til klinikkleiar
Kvalifikasjonar

Spesialistkompetanse innen psykologi eller medisin, erfaring med psykoterapeutisk behandling av personlegdomsforstyrringar og erfaring fra fagleg leiing av spesialiserte behandlingstilbod vil bli tillagt særleg vekt.

  • Høgare helsefagleg utdanning (psykologspesialist eller psykiater)
  • Brei erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
  • God kunnskap om utgreiing og behandling av psykiske lidingar
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
Personlege eigenskapar
  • Fagleg sterk, engasjert og utviklingsorientert
  • Trygg i leiarrolla og god til å byggje relasjonar
  • Evne til å samle medarbeidarar og skape engasjement
  • Dyktig til å delegere, motivere og spele medarbeidarane gode
  • Strukturert og målretta i arbeid og leiingStrukturert og målretta i arbeid og leiing
  • Tydeleg på forventingar og konstruktive tilbakemeldingar
  • Trivst i eit tverrfagleg spesialistmiljø
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
  • Moglegheit til å leie eit høgt spesialisert og engasjert fagmiljø
  • Ei sentral leiarstilling med høve til å påverke utviklinga av framtidas behandlingstilbod
  • Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, samarbeid og fagleg nysgjerrigheit
  • Leiaropplæring, leiarstøtte og tilgang til leiarutviklingsprogram
  • Deltaking i eit aktivt og støttande leiarnettverk ved Kronstad DPS
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er godkjend IA-verksemd

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykolog, 100% stilling
Psykolog, 100% stilling

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern • New Jersey

On-site
USD 79,000 - 95,000
Rådgiver/seniorrådgiver personvern og informasjonssikkerhet
Rådgiver/seniorrådgiver personvern og informasjonssikkerhet

Bergen kommune • New Jersey

On-site
USD 88,000 - 109,000
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Ikt Agder • Idaho

On-site
USD 43,000 - 53,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Mulighet for faglig utvikling
Et godt arbeidsmiljø
Psykolog til BUP Sentrum – Gjør en forskjell for barn og ungdom
Psykolog til BUP Sentrum – Gjør en forskjell for barn og ungdom

Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern • New Jersey

On-site
USD 58,000 - 78,000
Psykiatrisk sykepleier: Spiseforstyrrelser dagklinikk
Psykiatrisk sykepleier: Spiseforstyrrelser dagklinikk

Central Norway Regional Health Authority • Tiller (OR)

On-site
USD 55,000 - 70,000
Forskning og fagutvikling
Pensjonssparing i KLP (2% trekk)
IA-bedrift
Faste helge stillinger ledig på Ladegården sykehjem
Faste helge stillinger ledig på Ladegården sykehjem

Bergen kommune • New Jersey

On-site
USD 36,000 - 44,000
Sykepleier til nattjenesten i hjemmetjenesten
Sykepleier til nattjenesten i hjemmetjenesten

Oslo • Idaho

On-site
USD 47,000 - 62,000
Gode tjenestepensjons- og forsikrings-
Helsefagarbeider / assistent til hjemmesykepleien, omsorg+
Helsefagarbeider / assistent til hjemmesykepleien, omsorg+

Bergen • Idaho

On-site
USD 44,000 - 58,000
Gratis parkering
Mentorordning og opplæring
Gode pensjonsordninger
+1
Rådgiver/- seniorrådgiver IKT
Rådgiver/- seniorrådgiver IKT

Bergen kommune • New Jersey

Hybrid
USD 63,000 - 84,000
Hjemmekontor mulig
Fleksitidsordning
Personlig assistent 50% stilling
Personlig assistent 50% stilling

Asker • Idaho

On-site
USD 54,000 - 68,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger