A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig eit 12 månader vikariat i 100% stilling som lege i spesialisering innan medisinsk genetikk. Oppstart 01.02.2027. Avdelinga står for klinisk genetikk og laboratorium, med tett klinikk/laboratorie-integrasjon og forsking.
Arbeidet krev deltaking i genetisk utgreiing, veiledning av pasientar og familiar, og deltakelse i laboratorieoppgåver samt undervisning av helsepersonell. Lønn etter overeinskomst og tilbod om fagutvikling blir gitt.
Avdeling for medisinsk genetikk, seksjon for klinisk genetikk, har ledig 12 månader vikariat i 100% stilling som lege i spesialisering. Oppstart er 01.02.2027. Anna startdato kan avtalast. Frå før har seksjonen fem LIS-legar.
Medisinsk genetikk er ein klinisk spesialitet med omfattande og variert pasientkontakt. Vi har ein aktiv poliklinikk der vi greier ut, undersøker og rettleier pasientar i alle aldre med kjent eller mistenkt arveleg sjukdom. Eksempler på dette er arveleg kreftsjukdom, arveleg hjartesjukdom, syndromutgreiing og fosterdiagnostikk.I tillegg utfører vi tilsyn på inneliggande pasientar. Utgreiing av familiar, både diagnostisk og prediktivt, utgjer ein vesentleg del av den polikliniske aktiviteten vår. Verksemda er forøvrig kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium. Forsking er også ein viktig del av vår verksemd. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida.
Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi er om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og merkantil seksjon.Regionalt kompetansetjeneste for arveleg kreft og Regionalt senter for presisjonsmedisin er også knytt til avdelinga. Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for heile utdanningsløpet i medisinsk genetikk, ein viser for øvrig til utdanningsplan.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.