Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, søkjer ein fleksibel kantine-/kafémedarbeidar for ein 100% vikarstilling frå 4. januar 2027 til juni 2027. Arbeidet er knytt til hospitaldrift og kafétenester, med fokus på god service og godt møte med gjester.
Arbeidet inkluderer tilbereding av varm og kald mat, reinhald og oppvask, samt å bidra til eit positivt arbeidsmiljø. Turnus verkar med arbeid mellom 07:00 og 19:00, og kvar tredje helg. Vidare kan turnus endrast etter behov.
Vil du skape gode opplevingar gjennom mat og service?
Kvar dag møter vi hundrevis av gjestar i våre kantinar og kafear ved Haukeland universitetssjukehus. For mange er måltidet eit viktig avbrekk i ein travel arbeidsdag, medan andre er på sjukehuset som pasient eller pårørande. Då betyr det ekstra mykje å bli møtt av medarbeidarar som ser menneska rundt seg og leverer god service med eit smil.
No har vi ledig ein 100% vikarstilling fra 4. januar 2027, eller etter avtale, til juni 2027 som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning Kafé.
Vikariatet har moglegheit for forlenging og inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid pt kvar tredje helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 og 19.00. Det blir tatt atterhald om at turnus og arbeidstid kan bli endra.
Vi søker ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som trivst med kundekontakt, likar ein aktiv arbeidskvardag og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande team der kvalitet, matglede og service står i sentrum.
Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Vioppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste oppverifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Hardu utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgareutdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.