A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vil du vere med å utvikle arbeidsgivar‑ og organisasjonsområdet i Møre og Romsdal fylkeskommune saman med eit fagleg sterkt og utviklingsorientert HR‑team?
Vi søkjer ein HR‑rådgivar med arbeidsoppgåver i hovudsak knytte til sjukefråværsoppfølging og arbeidsmiljøarbeid i tannhelsetenesta. Stillinga er organisatorisk plassert i HR‑seksjonen i fag- og stabsavdelingane, og inneber arbeid med organisasjonsutvikling i tett samspel med leiarar i tannhelsetenesta.
Hos oss får du vere med å ivareta den overordna arbeidsgivarfunksjonen og vere ein pådrivar for strategisk organisasjonsutvikling, forbetringsarbeid og berekraftige HR‑løysingar. Du blir ein del av eit HR‑miljø med tett dialog på tvers av heile fylkeskommunen, og får samtidig innsikt i HR‑arbeid innan fleire fagområde – frå tannhelse til samferdsel, bygg, vidaregåande opplæring, fagskole, kultur og næringsliv.
I tillegg vil du bidra inn i rekrutteringsarbeidet ved behov. Andre drifts‑ og utviklingsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
HR‑seksjonen ligger fylkeskommunedirektørens stab (stab for organisasjon og tenesteutvikling), men vil ha tett samarbeid med tannhelsetenesta.
Vi har kontorarbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Denne stillinga ønsker vi primært lokalisert i Molde, men vil kunne vurdere delt arbeidsstad mellom Molde og Kristiansund eller Ålesund.
Søknadsfrist: 20.05.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns‑ og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønskjer at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.