A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule har stadig behov for vikarar som kan undervise i ulike fag og bidra til eit godt læringsmiljø. Søkjarar med pedagogisk kompetanse vil bli vurderte for relasjon- og samarbeidsevner, og open søknad blir vurdert uansett fagkombinasjon.
Skulen tilbyr fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i lokalane og undervisningsutsyr.
Vinstra vidaregåande skule har stadig behov for vikarar. Her kan du registrere søknaden din med undervisningskompetanse. Dersom søknaden er relevant vil du bli kontakta.
Vinstra vidaregåande skule har stadig behov for vikarar. Her kan du registrere søknaden din med undervisningskompetanse. Dersom søknaden er relevant vil du bli kontakta.
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak fra dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.Vinstra vidaregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar.Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a