Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Econ Askvoll – lokal rekneskapskontor i Askvoll søkjer ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere med på vidare vekst og utvikling. Du blir ein viktig rådgjevar for eigne kundar og får ansvar for rekneskapsføring og økonomisk oppfølging.
Tilbodet inkluderer konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar, fleksibilitet og moglegheit for fagleg utvikling i eit sterkt fagmiljø gjennom Econ Alliansen.
Ønskjer du ein jobb med tett kundekontakt, stor fagleg fridom og høve til å påverre utviklinga av verksemda? Econ Askvoll (Askvoll Rekneskapsteneste AS) søkjer no ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere med på vidare vekst og utvikling.
Vi er eit lokalt forankra rekneskapskontor med kundar innan eit breitt spekter av bransjar. Som ein del av Econ Alliansen, ei av dei mest framtidsretta kjedene i rekneskapsbransjen, har vi tilgang til eit sterkt fagmiljø, moderne verktøy og eit landsdekkande nettverk – samstundes som vi tek vare på den nære kundekontakten og den lokale tilknytinga. For deg betyr det at du får jobbe lokalt, men med verktøya og fagmiljøet som skal til for å levere rådgjeving i toppklasse.
Hjå oss får du ansvar for eigne kundar og blir ein viktig rådgjevar for dei. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Krav:
Vi trur vidare at du:
Erfaring med økonomisk rådgjeving er ein fordel.
Vil du jobbe i eit lokalt rekneskapskontor med eit sterkt fagmiljø i ryggen og nær kontakt med kundane? Då håpar vi å høyre frå deg. Søknader vert behandla fortløpande, og alle førespurnader vert handsama konfidensielt.
Econ Askvoll – lokal kompetanse, personleg oppfølging og framtidsretta løysingar.