A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Retura Søre Sunnmøre AS i Ørsta søker ein sal- og berekraftansvarleg som skal utvikle kundeporteføljen og gjere berekraft til eit konkurransefortrinn. Du følgjer opp eksisterande næringskundar, hentar inn nye og skreddarsyr avfallsløysingar som reduserer kostnader og aukar sortering.
Du vil vere ein viktig rådgjevar internt, setje saman avfalls- og miljørapportar og bidra i oppfølginga av krav som ESG-rapportering og ISO-standardar.
Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?
Retura Søre Sunnmøre AS søkjer ein Sal- og berekraftansvarleg som kan kombinere sal, rådgjeving og miljøkunnskap.
Som Sal- og berekraftansvarleg får du ansvar for å utvikle kundeporteføljen vår og for å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn -- både for kundane og for oss sjølve.
Du følgjer opp eksisterande næringskundar, hentar inn nye og hjelper dei med å skreddarsy avfallsløysingar som gir høgare sorteringsgrad, lågare kostnader og betre miljøresultat.
Stadig fleire verksemder må dokumentere miljø- og klimaarbeidet sitt overfor kundar, finansinstitusjonar og styresmakter.
Her blir du ein viktig rådgjevar: du set saman avfalls- og miljørapportar, tolkar tala og viser kundane korleis dei kan nå miljømåla sine.
Internt har du ei sentral rolle i berekraftsarbeidet til RSS, mellom anna i oppfølginga av miljøsertifiseringa og strategiplanen vår.
Stillinga er ein del av administrasjonen, og du deltek difor også i dei felles administrative oppgåvene, mellom anna ordremottak, telefon og kundeservice.
Du samarbeider tett med driftsavdelinga og fagmiljøa i Retura-kjeda.
Du rapporterer til dagleg leiar.
Som person er du trygg, nysgjerrig og flink til å byggje relasjonar.
Du likar å vere ute hos kundar, er strukturert og sjølvgåande, og har ei forretningsmessig tankegang.
Du kommuniserer godt og kan forklare miljøkrav og tal på ein enkel måte.
Vi har eit uformelt arbeidsmiljø, og håper å finne deg som vil vere med på å ta vare på det -- og gjere selskapet endå betre.
Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) vart etablert i 2004 og er ein av dei største aktørane innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre.
Vi leverer eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og tek hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.
I dag er vi 17 tilsette i Hovdebygda i Ørsta.
Vi har nyleg fått meir areal, investerer i nytt utstyr og satsar endå meir på sortering og sirkulær økonomi i åra som kjem.
Som ein del av Retura-kjeda kan vi tilby tenestene våre på tvers av fylke og regionar.
Saman arbeider vi for eit miljø i balanse gjennom berekraftig gjenvinning og sirkulær økonomi.
Vi bidreg til eit reinare lokalsamfunn og jobbar kontinuerleg for at ingen ressursar kjem på avvege.