Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Vest-Telemark Museum søker avdelingsleiar for samlingsforvaltning ved Museumsbygget i Vest-Telemark. Du vil ha ansvar for dagleg oppfølging, registrering og publisering av samlingane, samt drift av fellesmagasin.
Søkjaren bør ha mastergrad innan relevant fagkrins eller relevant erfaring frå museumsarbeid, samt god munnleg og skriftleg framstillingsevne og IKT-kompetanse.
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Er du historieinteressert, systematisk og strukturert? Vil du vere med å sikre, dokumentere og formidle vår kulturarv?
Vest-Telemark Museum har ei felles samlingsforvaltning for dei einingar som er tilslutta museet. Samlingane omfattar kulturhistoriske gjenstandar, kunst, foto, arkiv og boksamling.
Søkjar bør ha evne til god munnleg og skriftleg framstilling, og erfaring innan IKT. Det vert lagt vekt på relevant utdanning, praksis og gode samarbeidsevner. Det er ynskjeleg at søkjar har minimum mastergrad innan relevant fagkrins eller relevant erfaring frå museumsarbeid.
Dagleg oppfølging av samlingsavdelinga med ordning, registrering og publisering av samlingane samt drift av fellesmagasin
Museet brukar fagsystemet ASTA og publiserer arkiv på arkivportalen.no og digitalarkivet. Elles er Primus det sentrale registrerings- og publiseringsverktøy for gjenstandar og foto.
Dagleg oppfølging av samlingsavdelinga med ordning, registrering og publisering av samlingane samt drift av fellesmagasin
Planansvar for samlingsarbeidet
Ta del i fagnettverket for privatarkivarbeidet i Telemarksarkivet og følgje opp Bevaringsplanen for privatarkiv
Statistikk og rapportering
Støttefunksjon i museets formidlings- og utstillingsarbeid
Prosjektleiing
Museet brukar fagsystemet ASTA og publiserer arkiv på arkivportalen.no og digitalarkivet. Elles er Primus det sentrale registrerings- og publiseringsverktøy for gjenstandar og foto.
Søknadsfrist 10. oktober.Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Skinnarlandsamlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle (tidlegare Vinje biletgalleri). Me har i dag 16 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen. Hovudbøle for verksemda er eit moderne museumsanlegg i unikt miljø, med utsikt til Eidsborg stavkyrkje og tunet på Uppistog Vindlaus.