Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Bergen søker medisinstudentar og sjukepleiarstudentar til sommarvikariat ved Akuttmedisinsk avdeling. Arbeidsstaden vil vere ved alle ambulansestasjonar i Helse Bergen og kurset gis gratis i forkant.
Etter fullført og bestått kurs kvalifiserer du til å søke på stillingar som vikar i Akuttmedisinsk avdeling. Søkarar utan autorisasjon i ambulansetenesta vil få lønnsgruppe 2, medan autoriserte helsearbeidarar vil få lønnsgruppe 2-3.
Meir informasjon om kurset blir gitt under intervju. Etter fullført og bestått kurs kvalifiserer du til å søke på stillingar som vikar i Akuttmedisinsk avdeling.
Søkarar som ikkje tilfredsstiller desse krava blir ikkje vurdert
Vi tilbyr gratis vikarkurs. Kurs og praksisperioden tilknytta kurset er ikkje lønna. Grunna krav om særskild opplæring blir vikarar utan autorisasjon i ambulansetenesta løna i lønnsgruppe 2, og autoriserte helsearbeidarar i lønnsgruppe 2-3.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.