Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 - Maritim Drift søker skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika (MF Bergensfjord). Seks månaders vikariat i turnus, med to veker på og to veker av. Om bord arbeidast du med trygg og effektiv drift, og rederiet dekker reise til/fra arbeidsperioden.
Du vil ha ei sentral rolle i den daglege drifta, med operative og løysingsorienterte oppgåver, i eit inkluderande arbeidsmiljø. Oppstart snarast mogleg; vi tilset fortløpande.
Vikariat skipsførar Arsvågen-Mortavika Fjord1 - Maritim Drift
Fjord1 har ledig vikariat som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika, pt. MF Bergensfjord.
Vikariatet har ei varigheit på seks månader, men kan bli forlenga ved behov. Ein går i turnus med to veker på og to veker av. I arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsperioden.
I denne stillinga har du ansvar for å sikre at reserveferjene våre MF Bergensfjord til ei kvar tid er operative, samtidig som du bidreg til å dekke øvrige behov i sambandet. Som skipsførar har du ei sentral rolle i den daglege drifta og får arbeide både operativt og løysingsorientert. Arbeidskvardagen er variert og kan by på skiftande vêrforhold, høg trafikk og eit hektisk tempo. Stillinga gir verdifull erfaring frå drift av gassfartøy og er ei god moglegheit til å vidareutvikle deg som leiar.
Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skaper eit godt fellesskap.
Oppstart snarast mogleg er ønskeleg. Vi tilset fortløpande.
Søknadsfrist Snarast
Arbeidsgivar Fjord1 - Maritim Drift
Stad Føresvik
Stillingstittel Skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Vikar
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5199483263
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Adresse: Arsvågen ferjekai, E39, 5561 Føresvik, Norge
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer ska fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.