Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Osterøy kommune søkjer ein engasjert PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 27.09.2026. PPT er ein del av Familiens hus og samarbeider med barnehagar og skular for inkluderande tenester.
Hovudarbeidsoppgåver inkluderer kontaktperson for grunnskular, rettleiing til tilsette og deltaking i utviklingsarbeid med sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Krav om relevant utdanning og god norsk framstillingsevne ligg til grunn.
PPT er ein del av Familiens hus, eit tverrfagleg kommunalt tilbod som òg omfattar Barn- og familieteam, helsestasjon og barnevern. Familiens hus er organisert under sektor for oppvekst, undervisning og kultur.
Som BTI-kommune arbeider Osterøy systematisk for tidleg innsats, samordna tenester og godt tverrfagleg samarbeid. Målet er å styrkje tilbodet til barn, unge og familiar med barnet sitt beste som eit overordna prinsipp.
I Osterøy PPT arbeider vi førebyggjande og tett saman med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, med særleg vekt på inkludering. Kvar barnehage og skule har ein fast kontaktperson. Organiseringa skal sikre nærleik, god samhandling, tidleg innsats og bidra til å styrkje kvaliteten i det ordinære tilbodet.
PPT er ein sentral drøftings- og samarbeidspartnar for barnehagar og skular. Vi bidreg i kvalitetsutviklingsarbeidet gjennom systemretta arbeid, rettleiing og kompetanseutvikling.
Gjennom sakkunnig vurdering, systemretta arbeid og kompetanse- og organisasjonsutvikling bidreg PPT til at barnehagar og skular kan førebyggje vanskar og leggje til rette for inkluderande fellesskap. Vi arbeider for at barn og elevar som har behov for tilrettelegging, får eit forsvarleg og inkluderande pedagogisk tilbod. Vi arbeider forskingsbasert og systematisk for å tilby tenester av god fagleg kvalitet.
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Trude Litangen Jacobsen, PPT-leiar, på telefon 453 37 899 eller e-post trude.litangen.jacobsen@osteroy.kommune.no