An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Hustadvika vidaregåande skole søkjer ein engasjert lærar i engelsk og historie til 100% vikariat frå 01.01.27 ut skoleåret. Skulen tilbyr eit inkluderande læringsmiljø og eit profesjonsfellesskap som arbeider målretta for å gi elevane best mogleg opplæring.
Du vil undervise, planleggje og evaluere undervisninga i samsvar med læreplanverket, følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling og delta i utviklingsarbeid ved skolen.
Vil du vere med og bidra til læring, meistring og utvikling for ungdom?
Hustadvika vidaregåande skole har ledig vikariat som lærar i engelsk og historie frå 01.01.27 og ut skoleåret. Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg lærar som ønskjer å skape gode læringsopplevingar og bidra til eit inkluderande læringsmiljø for elevane våre.
Ved Hustadvika vidaregåande skole blir du ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider målretta for å gi elevane best mogleg opplæring. Vi legg vekt på samarbeid, relasjonsbygging og kontinuerleg utvikling av undervisningspraksisen vår.
Vi ser etter deg som:
- er ein trygg og tydeleg klasseleiar.
- har eit sterkt engasjement for elevane si læring, trivsel og utvikling.
- byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
-er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig i arbeidet
- samarbeider godt og bidreg positivt i profesjonsfellesskapet
- er fleksibel og løysingsorientert i møte med varierte oppgåver og behov
Personlege eigenskapar vil bli tillagde vekt.
Hustadvika vgs har et sterkt fokus på praktisk, elevaktiv læring og helhetlig oppfølging av sine elever. Som skole er vi opptatt av samarbeid, trivsel og faglig kvalitet, og vi arbeider målrettet for å gi våre elever et trygt og lærerikt opplæringsmiljø.