A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Gvarv skole, avdeling Rubinstep, i Midt-Telemark kommune, søker ein engasjert medarbeidar for SFO og skoledelen. Du vil arbeide med tilrettelegging, inkludering og tett oppfølging av elevar med behov, i tett samarbeid med lærarar og spesialpedagog.
Stillinga krev fagbrev som barne- og ungdomsarbeider eller spesialpedagog, og politiattest. Lønns- og tiltaksrammer følger kommunalt avtaleverk, og tilsette får gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Velkomen til Gvarv skule, avdeling Rubinstep.
Rubinstep er ein forsterka eining med skule- og SFO-tilbod for barn med ulike funksjonsvariasjonar i Midt-Telemark kommune.
Rubinstep er eit tilbod for grunnskuleelevar (1.-7. trinn) som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Elevane på Rubinstep har ulike funksjonsvariasjonar og har behov for tettare oppfølging i kvardagen sin. På bakgrunn av dette treng dei eit strukturert skuletilbod som tilpassast individuelt til kvar enkelt elev! Elevane som har sitt skoletilbod knytt til Rubinstep har også tilhøyring i ein ordinær klasse ved skulen og deltar i klassen i varierande grad etter føresetnader og behov.
Det skal arbeidast kontinuerleg med inkludering og dagleg samarbeid med elevane sine klassetrinn og SFO.
I tillegg har avdelinga eigne samlingar og aktivitetar, arbeidsøkter, fysisk aktivitet, ADL-trening og turar i nærmiljøet, m.m.

På Rubinstep arbeider vi i fagrupper rundt kvar enkelt elev (pedagog/spesialpedagog, primærkontakt og fagarbeider 1-2), der vi tar utgangspunkt i den enkelte elevs ressursar og moglegheiter. Det vil alltid arbeidast for å gi elevane best mogleg vilkår for optimal livskvalitet, kommunikasjon, samspel og deltaking i sitt eige liv.
Stillinga gjelder både SFO og skoledelen på Rubinstep, Gvarv skole.På Rubinstep vil du møte følgande arbeidsoppgaver:
Vi ønsker deg som:
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.