A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bjørnafjorden kommune inviterer til 100% stilling i Askviknes oppfølgingsteneste. Vi følger bebuarar som trenger helsehjelp og har vedtak etter helse- og omsorgstenestelova. Du vil jobbe i turnus med lange vakter og helgearbeid, og delta i tverrfaglig samarbeid for meistring og utvikling hos den enkelte.
Stillinga krev autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, samt ønskjeleg erfaring frå psykisk helse og rus. Førarkort klasse B er påkrevd, og politattest må kunne leggjast fram.
Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeidertverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deirapårørande og med andre helsetenester. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.
Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand isamband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande.
Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov.
Du vil:
Stillinga er i turnus med overvekt av langvakter (13,5 timar) og nokre ordinære vakter. Stillinga har arbeid kvar 4. helg.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.