Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Automarin AS i Askvoll og Fure Mekaniske AS i Fure søkjer dagleg leiar og kundemottakar. Du får overordna drift, økonomi og personalansvar for begge verkstadane og bensinstasjonen, og blir vårt ansikt utad ved kundemottaka mellom lokasjonane.
Stillinga krev struktur, god økonomisk forståing og evne til å motivere fagfolk. Førarkort B og eigen bil til reise mellom avdelingane er ei føresetnad; norske vilkår og konkurransedyktig kompensasjon ligg til rette for deg.
Tek du rattet? Vi søkjer dagleg leiar og kundemottakar! Har du lidenskap for bil, leiing og kremmarånd? Er du i tillegg ei stjerne på kundeservice? Da er det akkurat deg vi leitar etter! Vi opplever stor pågang og søkjer no ein engasjert og synleg Dagleg leiar / Kundemottakar til våre to verkstader: Automarin AS i Askvoll og Fure Mekaniske AS på Fure. Vi er stolte av å vere frittståande bilverkstader i den landsdekkjande AutoMester-kjeda. I Askvoll driv vi også ein YX fullservice-bensinstasjon, noko som gjer kvardagen her ekstra livleg og variert.
I denne stillinga får du ein variert og spennande kvardag med mykje ansvar. Du har det overordna drifts-, økonomi- og personalansvaret for verkstadane og bensinstasjonen. Samtidig vil ein viktig del av kvardagen din vere å drifte kundemottaka både på Auomarin AS i Askvoll og Fure Mekaniske AS der du blir vårt ansikt utad. Du må pårekne noko reiseverksemd i mellom lokasjonane. Stillinga og lønnsvilkår vil bli vurdert ut frå dine kvalifikasjonar. Bakgrunn i økonomi/rekneskap og leiing kan være eit alternativ ved manglande kompetanse på bil, då vi kan utforme stillinga utifrå søkjarens kompetanse.
Søknadsfrist: 15.11.2026 Arbeidsstad: Fure og Askvoll
Vi er stolte av å vere frittståande bilverkstader i den landsdekkjande AutoMester-kjeda.
I Askvoll driv vi også ein YX fullservice-bensinstasjon, noko som gjer kvardagen her ekstra livleg og variert.