Veterinær Sandeid/Ølen

Mattilsynet

Ølen

On-site

NOK 700,000 - 770,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Medlemskap i Statens pensjonskasse
Pensjons- og forsikringsordninger

Job summary

Mattilsynet i Rogaland søker ein kompetent veterinær til seksjon raudt kjøtt vest, med kontorstad i Sandeid/Ølen. Du blir ein del av eit fagmiljø som sikre trygg mat, god dyrevelferd og overvaking av dyrehelse.

Du rapporterer til seksjonssjefen og vil delta i intern og ekstern kommunikasjon, samt saksbehandling og regelverkstolking. Tilsetjinga gir konkurransedyktig lønn og god pensjon.

Qualifications

  • Ha norsk autorisasjon som veterinær.
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Vere trygg i bruk av digitale verktøy og setje seg raskt inn i nye system.
  • Ha gyldig førarkort klasse B.
  • Oppfylgje ønskelege krav som offentleg godkjend veterinær.
  • Erfaring frå slakteritilsyn og tilsyn med dyrehald er positivt.

Responsibilities

  • Utføre kjøttkontroll, slakteritilsyn, dyrevelferd og dyrehelse.
  • Gje rettleiing og informasjon til tilsynsobjekt; kommunisere med samarbeidspartnarar.
  • Saksbehandling og regelverkstolking.
  • Bidra i beredskapsøvingar og handtere kritiske situasjonar i samarbeid med offentlege etatar og bransjeaktørar.

Skills

Teamarbeid
Solid norsk framstillingsevne
Evne til sjølvstendig arbeid
Eigenansvar

Education

Norsk autorisasjon som veterinær

Job description

Vil du bidra til trygg mat frå jord til bord?

Vi har ei ledig stilling som veterinær i seksjon raudt kjøtt vest, med kontorsted i Sandeid/Ølen. Seksjonen er ein del av avdeling slakteri, i Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri.

Som veterinær ved slakteri har du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre trygg mat, god dyrevelferd og overvaking av dyrehelse. Gjennom kontroll og tilsyn bidrar du til at maten som blir produsert i Noreg, er trygg, og til å holde ved like tilliten til norsk matproduksjon. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du bruker heile breidda av den veterinærfaglege kompetansen din.

Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og tett samarbeid med dyktige kollegaer. Om du trivst med å jobbe saman med andre, tar ansvar for eigen arbeidskvardag og har god rolleforståing, får du hos oss høve til å gjere ein konkret forskjell - saman med kollegaer som brenn for faget. Bli med på laget og som skal trygge framtida for menneske, dyr og natur!

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Oppgåver innan kjøttkontroll, slakteritilsyn, dyrevelferd og dyrehelse.
  • Du gjer offentlege kontrollar, hovudsakleg på slakteri, men også i dyrehald. Du gir informasjon og rettleiing til verksemdene vi fører tilsyn med, og kommuniserer med samarbeidspartnarane våre.
  • Saksbehandling og regelverkstolking.
  • Vi er ein beredskapsorganisasjon, noko som betyr at du må bidra til å handtere kritiske situasjonar - i samarbeid med andre offentlege etatar og bransjeaktørar.
  • Andre oppgåver må påreknast ved behov, for eksempel må du i sesong rekne med å bidra også utanfor slakteriet med viltkontroll.
Kvalifikasjonskrav
  • Ha norsk autorisasjon som veterinær.
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Vere trygg i bruk av digitale verktøy og setje seg raskt inn i nye system.
  • Ha gyldig førarkort klasse B.
Ønskelege kvalifikasjonskrav
  • Vere offentleg godkjent veterinær, om ikkje må du å ta nødvendig opplæring i regi av Mattilsynet.
  • Ha relevant arbeidserfaring, spesielt erfaring frå slakteritilsyn og tilsyn med dyrehald. Klinisk praksis og anna erfaring frå produksjonsdyrnæring tel også positivt.
  • Ha erfaring frå offentleg forvalting.
Personlege eigenskapar
  • Du trivst med å jobbe i team og har gode samarbeidsevner, men jobbar også sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
  • Du har god rolleforståing, og kan vurdere faglege problemstillingar i eit heilskapleg perspektiv og finn gode løysingar.
  • Du er trygg i faglege vurderingar og evnar å stå i krevjande situasjonar.
  • Du arbeider strukturert og effektivt, leverer kvalitet i arbeidet og greier å tilpasse deg endringar.
  • Du har gode kommunikasjonsevner og kan formidle faglege vurderingar på ein tydeleg og forståeleg måte.
  • Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
  • Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498), med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 700 000 til kr 770 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere seniorinspektør (stillingskode 1499) og høgare lønn.
  • Gode arbeidsforhold og kompensasjon for ukomfortabel arbeidstid i samsvar med gjeldande regelverk og særavtale.
  • Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre.
  • Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordninger.
Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med seksjonssjef i raudt kjøtt vest, Gro Eliassen, på mobil 95020293, om du har spørsmål om stillinga.

Slik søker du

Søknader blir berre mottatt elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrer ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.

Saman tryggar vi framtida for menneske, dyr og natur

Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysingane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.

I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvalting. Saman bidrar vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.

Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.

Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet.

Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv - fordi det gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.

Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hos oss.

Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg. Avkryssingane blir berre brukte i rekrutteringsprosessen og til anonymisert statistikk.

Spanande og ny stilling som konsulent med digitalt fokus og utvikling!

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Veterinær Sandeid/Ølen
Veterinær Sandeid/Ølen

Gro Eliassen • Vindafjord

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Konkurransedyktig lønn
Medlemskap i Pensjonskasse
Gode arbeidsforhold
+1
Veterinær
Veterinær

Sondre Kristenstuen • Ørsta

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Pensjonsordning
Gode arbeidsforhold
Tilpasset arbeidstid
Veterinær Førde
Veterinær Førde

Gro Eliassen • Sunnfjord

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Fast stilling
Lønn etter avtale
+1
Veterinær Bjerka
Veterinær Bjerka

Mattilsynet • Bjerka

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Pensjonsordning i Statens Pensjonskss
Gode kolleger og faglig utvikling
Veterinær Førde
Veterinær Førde

Mattilsynet • Førde

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Statens pensjonskasse
Gode arbeidsforhold og natt-/kveldsats
Veterinær
Veterinær

Mattilsynet • Nærbø

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Gode arbeidstidsordninger
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Betalt tillegg for ubekvem arbeidstid
Rådgiver
Rådgiver

Mattilsynet • Brumunddal, Sandnes, Ski

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Moderne kontorlokaler
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor opptil 2 dager/uke
+1
Seniorrådgiver frontendutvikler
Seniorrådgiver frontendutvikler

Mattilsynet • Brumunddal

On-site
NOK 800,000 - 1,050,000
Moderne kontorlokaler i Brumunddal
Fleksibel arbeidstid og inntil to hjem
Pensjonsordning i Statens Pensjonskass
Veterinær
Veterinær

Mattilsynet • Ørsta, Stranda

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Gode arbeidsforhold
Pensjonsordning i Statens Pensjonskass
Spennende samfunnsoppdrag
Veterinær
Veterinær

Ane Ingeborg Høeg • Ringsaker

On-site
NOK 700,000 - 770,000
Statens Pensjonskasse
Gode pensjonsordninger
Støttende arbeidsmiljø