Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
NAV Sykkylven er ute etter ein engasjert veiledar som kan arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging. Du vil jobbe tett med brukarane og bidra til å skape effektive løysingar i tett samarbeid med kommunale tenester og andre relevante partnarar.
Å arbeide med ungdom, flyktningar og sjukmelde er i fokus. Vi leitar etter deg som er god til å bruke digitale verktøy og som kan bidra til utvikling av tenester i NAV.
Nav Sykkylven har ledig fast stilling som veiledar i vårt team Behalde arbeid.
Vi søkjer deg som er engasjert og framoverlent, og som er interessert i å jobbe med menneske som treng bistand til arbeidsretta oppfølging. Våre digitale verkty får stadig nye løysingar, og du må vere god på digitale verkty for å kunne jobbe effektivt og målretta med dei brukarane som treng hjelp frå Nav.
Som veiledar ved vårt kontor vil du arbeide heilskapleg med arbeidsretta brukaroppfølging og tett opp mot næringslivet, samt ulike kommunale tenester og tenester internt i Nav, helsevesenet, tiltaksarrangørar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Vi jobbar med å følgje opp prioriterte grupper som ungdom, flyktningar og sjukmelde.
Kontoret er organisert i 3 team; Ungdomsteam, Skaffe arbeide og Behalde arbeide. Som veiledar ved vårt team Behalde arbeid, vil du ha ansvar for oppfølging av sjukmelde og AAP brukarar med arbeidsgivar, samt sakshandsaming etter lov om sosiale teneste i Nav.
Nav Sykkylven-Stranda har 15,5 årsverk. Vi har god variasjon i alder og tilsette fordelt på kommunal og statlege tilsettingar. Vi er lokalisert med aktivitesbasert kontorløysing i sentrum av Sykkylven, og har tilgang til møterom på Stranda.
Sykkylven og Stranda kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har tilsaman 12 000 innbyggarar, som vi i Nav yter tenester til. Begge kommunane er industrikommunar der Sykkylven er stor innan møbel og Stranda innan næringsmiddel.
Nav er i stadig utvikling og du må vere open for at det kan skje endringar i oppgåver og ansvarsområder.
Nav Sykkylven-Strandasom arbeidgivar kan tilby spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, innanfor eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar, og er ein arbeidsplass som vektlegg utvikling, omstilling og kompetansedeling.
Det må påreknast noko reiseverksemd innenfor våre kommunar.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden
Karoline Lied,NAV leiar, karoline.lied@nav.no
Pilgata 2
6230Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5204483692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har et fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.