Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Trucknor Firda søker ny medarbeidar til vår skade- og lakkavdeling i Førde. Arbeidet er variert og innebærer reparasjon av bussar og lastebilar, lakking og dokumentasjon av skade.
Vi ser etter fagbrev innan bilskade eller bilbransjen, erfaring frå skadeverkstad eller mekanisk arbeid, samt førarkort klasse B. C/CE/D er ein fordel. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og mulighet for sertifikat og vidareutvikling.
Har du fagbrev, erfaring frå bilbransjen eller likar å skape resultat du kan vere stolt av?
Trucknor Firda opplever aukande oppdragsmengde og søkjer derfor nye kollegaer til vår skade- og lakkavdeling i Førde.
Vi reparerer, fikser og lakkerer bussar og lastebilar for kundar over heile regionen. Arbeidskvardagen er variert, og vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har erfaring innan bilskade, lakk, sveis eller mekaniske fag. Har du ikkje relevant fagbrev, men rett innstilling og interesse for faget, oppmodar vi deg likevel om å søkje.
Samarbeid med verkstad og kundemottak
Vi søkjer deg som:
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Fagbrev innan bilskade, billakkering, reparatør tunge køyretøy eller tilsvarande fag
Erfaring frå skadeverkstad, mekanisk arbeid, sveising eller lakkering
Klasse C, CE eller D er ein fordel, men ikkje eit krav
Moglegheit til å ta relevante sertifikat og førarkort etter avtale

Arbeidsoppgåver
Skadereparasjon av bussar og lastebilar
Oppretting og utskifting av skadde komponentar
Sveising og produksjon av delar
Ruteskift
Lakkering og overflatebehandling
Taksering og dokumentasjon av skadar
Samarbeid med verkstad og kundemottak
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som:
Er kvalitetsbevisst og løysingsorientert
Har interesse for bil- og transportfaget
Tek ansvar og trivst med sjølvstendig arbeid
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Fagbrev innan bilskade, billakkering, reparatør tunge køyretøy eller tilsvarande fag
Erfaring frå skadeverkstad, mekanisk arbeid, sveising eller lakkering
Førarkort klasse B
Klasse C, CE eller D er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi tilbyr
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Eit solid selskap med gode framtidsutsikter
Moderne verkstad og godt utstyr
Opplæring, kurs og kompetanseutvikling
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Moglegheit til å ta relevante sertifikat og førarkort etter avtale
Trucknor Firda AS er lokalisert i Førde og utfører vedlikehald, reparasjonar og skadereparasjonar på lastebilar, bussar og andre større køyretøy. Vi er ein solid og framtidsretta arbeidsplass.
Selskapet er eigd av Firda Billag og Strømberg Gruppen, noko som gir oss både lokal forankring og tilgang til eit større fagmiljø. Vi legg vekt på høg fagleg kompetanse, korte beslutningsvegar og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får utvikle seg.
Som tilsett hos oss får du tilgang til attraktive personalgode, inkludert moglegheit til å nytte selskapet sine feriehus i både Noreg og Spania.