Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Universitetet i Bergen søker ein universitetslektor ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) for å retteleine journalistar i tolking av data og utvikling av datadrevet journalistikk.
Stillinga er 30% og ligg ved Media City Bergen; søkjar bør ha erfaring frå dataanalyse og undervisning i kvantitative data.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er det ledig ei fast 30 % stillingsom universitetslektor.
Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. SUJO arbeider for å styrkje den undersøkande journalistikken gjennom utdanning, kompetanseutvikling og samarbeid med mediebransjen, med særleg vekt på lokale og regionale redaksjonar. Senteret held til i Media City Bergen og er det einaste senteret av sitt slag i Noreg.
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Kristine Holmelid, kristine.holmelid@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .