
Enable job alerts via email!
Generate a tailored resume in minutes
Land an interview and earn more. Learn more
Et rekrutteringsfirma søker en Head of ERP til å modernisere styringssystemene i Ulsteinvik. Stillingen innebærer ansvar for drift og utvikling av ERP-løsninger, samt samarbeid med team på tvers av virksomheten for å forbedre prosesser. Den ideelle kandidaten har erfaring fra prosjektbasert industri og er flink til problemløsning. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og et utviklende arbeidsmiljø.
ULSTEIN sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. For å oppnå dette er kontinuerleg fokus på teknologi og utvikling avgjerande.
No søker vi etter ein Head of ERP som kan bidra til å modernisere og effektivisere arbeidsprosessane våre knyttet til ERP. Stillinga er tilknytt Ulstein Verft, men har ein viktig rolle som konsernfunksjon som støttar heile Ulstein Group. Dette gir deg unik innsikt og påverknad på tvers av fleire selskap.
Som Head of ERP får du operativt fagansvar for å utvikle, drifte og vidareutvikle dei digitale ERP-løysingane våre. Dette skal bidra til betre innsikt, auka automatisering og betre samhandling i heile organisasjonen.
Du vil arbeide tett med Business Applications teamet, IT, prosesseigarar, Key Users frå ulike fagområde og selskap, og vår leverandør. Oppgåvene vil variere frå dagleg problemløysing saman med brukarane til deltaking i interne forbetringsprosjekt.
Arbeidsstad er Ulsteinvik.
Vi søkjer etter deg som er ein selvgåande og operativ problemløysar, og som brenn for kontinuerleg forbetring og å finne dei gode løysingane. Du kan sjå deg sjølv som ein digital prosessutviklar.
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgivarane
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i ULSTEIN i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg. Tiltreding etter avtale.
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet. Visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Konsernet har aktivitet i fleire land og har over 500 tilsette, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. ULSTEIN er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.