A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Veidekke Bygg Førde søkjer tømrarar til prosjekt i Sunnfjord-området. Vi ser etter kandidatar som er strukturert, sjølvstendige og har god kvalitet og service i arbeidet.
Med fagbrev i tømrarfaget og interesse for vidareutvikling av avdelinga, vil du bidra i bolig, næring, skule og offentlege bygg. Erfaring som bas eller formann er eit pluss, og vi tek sikte på eit involverande og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein rein del av kvardagen.
Veidekke Bygg avdeling Førde har behov for fleire tømrarar til våre prosjekt i Sunnfjord-regionen.Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å videreutvikle vår avdeling i Førde innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg. Har du erfaring som bas eller formann er det eit stort pluss.Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.