Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Vestnes kommune Tomrefjord barnehage søker barnehagelærar i 100 % fast stilling. Du vil arbeide på avdelingane med delansvar for det pedagogiske arbeidet og bidra til utviklingsarbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar.
Du må ha bachelor i barnehagelærerutdanning, gode datakunnskapar og god norsk både skriftleg og munnleg. Evne til å motivere tilsette, samhandle med foreldre og følgje relevante avtalar og lovverk vert vektlagt. Barnehagen ligg i Tomrefjord og har eit godt fagleg miljø.
Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tomrefjord barnehage.
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Tomrefjord barnehage ligg på ein flott plass i Liaråket i Tomrefjord. Barnehagen har 48 plassar fordelt på 2 avdelingar. Barnehagen har flott naturtomt med eigen skog og gapahuk i barnehageområdet. Barnehagen nyttar idrettshallen fast. Vi har eit godt fagleg miljø, vi har barnehagelærar i alle stillingar som krev det og fagarbeidarar i dei fleste andre stillingane. Vi har eit godt arbeidsmiljø.