Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
REMA 1000 Giske søkjer rådgjevar til eit nyoppretta interkommunalt tilsynssamarbeid mellom Lom og Skjåk. Du får vere med frå starten og påverke organisering og utvikling av tilsynsarbeidet innan forureiningsforskrifta og plan- og byggesakslova.
Stillinga krev relevant høgare utdanning innan tekniske/ miljøfag, gode kommunikasjonsferdigheiter og førarkort. Det er ei variert stilling med kontor og feltarbeid, og fleksibel arbeidstid.
Vil du vere med og byggje opp eit nytt interkommunalt tilsynssamarbeid og bidra til ei berekraftig utvikling i Lom og Skjåk? Lom og Skjåk kommunar har etablert eit felles tilsynssamarbeid innan forureining og byggesak, og vi søkjer no ein rådgjevar i 100 % fast stilling. Dette er ei nyoppretta stilling der du får høve til å vere med frå starten og påverke korleis tilsynsarbeidet skal organiserast og utviklast i åra som kjem. Gjennom arbeidet ditt skal du bidra til at kommunane tek vare på miljøet og sikrar at lover og reglar blir følgde. Du vil arbeide med tilsyn etter forureiningsforskrifta og plan- og bygningslova, og du vil vere ein viktig ressurs for både innbyggjarar, næringsliv og kommunane.
Som tilsett i denne stillinga får du eit særleg ansvar for å utvikle og etablere tilsynsarbeidet innanfor forureiningsforskrifta. Den fyrste tida skal du utarbeide tilsynsplan og rutinar, og finne arbeidsmåtar som legg grunnlaget for eit godt og langsiktig tilsynsarbeid i kommunane.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og oppfordrar også nyutdanna til å søkje. Vi ser etter deg som er fagleg trygg trivst i møte med menneske og kommuniserer godt med både innbyggjarar, næringsliv og kollegaer arbeider strukturert og sjølvstendig samarbeider godt med andre og finn gode løysingar har engasjement for å utvikle fagområdet ønskjer å vere med på å byggje opp det interkommunale tilsynssamarbeidet.
Stillinga inneber både kontorarbeid og arbeid ute i felt. Kontorstad vil i hovudsak vere kommunehuset i Lom. Fordi dette er eit nyetablert samarbeid, kan arbeidsoppgåver og organisering bli justerte i takt med erfaringar og videre utvikling av tenesta.
Hjå oss får du: