Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Arbeidsplassen søker tilkallingsvikarer til Surnadal kommune, til grunnskulen og vaksenopplæringa. Vi trenger ringevikarer som kan stille på kort varsel og inngå i vikarliste hos oss.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest, som ikkje må vere eldre enn 3 månader. Kontaktpersonar er Grunde Walset og Gro Kvammen Sæter.
I Surnadal kommune har vi behov for tilkallingsvikarar i grunnskulane og ved vaksenopplæringa. Vi har behov for tilkallingsvikarar på kort varsel ("ringevikarar") som kan stå på vikarliste hos oss.
Vi søkjer etter deg som har pedagogisk kompetanse og alle fag er aktuelle. Det er viktig at det går fram av søknad/søknadstekst kva fag du har.
Vi vil ta kontakt med aktuelle søkarar fortløpande.
Det er krav om å levere tilfredsstillande politiattest før tilsetting.Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Kontaktperson Surnadal barne- og ungdomsskule og vaksenopplæring:Grunde Walset, einingsleiar, tlf. 99279661
Kontaktperson Mo oppvekstsenter, Todalen og Stangvik oppvekstsenter og Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter:Gro Kvammen Sæter, einingsleiar, tlf. 92040465
Surnadal barne og ungdomsskule er ein 1 - 10-skule med om lag 520 elevar og ca 90 tilsette. I 1.-7. trinn går primært elevar som høyrer til i Nedre Surnadal, kommunesenteret Skei og nærområdet. Ungdomstrinnet er for alle elevane i Surnadal kommune på 8.- , 9.- og 10. trinn. I tillegg til det ordinær timeplan har vi eit pedagogisk tilbod og samarbeid med "Inn på tunet." Dette er eit tilbod på ungdomsskule. Vi har og eit samarbeid med Surnadal videregåande skule i faget Arbeidslivsfag, og vi har fleire samarbeidsprosjekt med den kommunale kulturskulen.