Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Ulstein kommune søker tilkallingsvikarar til vår utlånssentral for sports- og friluftsutstyr i Ulsteinvik. Vi har open to ettermiddagar i veka, måndag og torsdag, og behovet kjem og går.
Arbeidet inneber rettleiing og service til brukarar av BUA. Kunnskap om sportsutstyr, digitale ferdigheiter og god engelsk er ein fordel. Løn etter gjeldande avtaleverk.
BUA Ulstein søkjer tilkallingsvikarar til vår utlånssentral for sports- og friluftsutstyr.
Om BUA Ulstein Utlånssentral
BUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ei gratis utlånsordning for sports- og friluftsutstyr, med særleg fokus på barn og unge. Målet er å gi fleire moglegheit til å vere fysisk aktive og prøve nye aktivitetar utan at dei må kjøpe dyrt utstyr. Gjennom BUA kan ein låne utstyr til alle årstider, heilt gratis.
BUA Ulstein held til i Ulsteinvik og har ope to ettermiddagar i veka, måndag og torsdag. Vi har no behov for fleire tilkallingsvikarar som kan stille opp ved behov.
Viktig informasjon om stillinga:
BUA Ulstein er finansiert gjennom kommunale midlar, prosjektmidlar og ulike tilskotsordningar. Dette gjer at vi ikkje har faste stillingar knytte til denne utlysinga.
Arbeidsomfanget vil variere ut fra behov, aktivitetstilbod og tilgjengelege midlar.
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.