Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sunde barnehage i Sunde søker tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen.
Du bør vere glad i å vere ute, delta i leik og aktivitetar i all slags vêr, og vere fleksibel som kan stette på kort varsel. Arbeidet varierer gjennom året og gir moglegheiter til å få erfaring innan oppvekst, pedagogikk eller helse.
Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.
Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.
Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.
I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit.
Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.
????
Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.