Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider

Hilde Sivertsen

Molde

On-site

NOK 500,000 - 630,000

Part time

6 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Kollen ungdomssenter søker tilkallingsvikarar som miljøterapeuter eller miljøarbeidere i Molde og Vestnes. Vi tilbyr oppstartsordning med opplæring og lønn under hele opplæringa.

Viktige krav er tre-årig bachelor eller fagbrev/vidaregåande utdanning samt robust helse og norsk kommunikasjon. Stillingene inngår i statleg lønnsregulativ og gir mulighet for varierte vakter i todelt turnus.

Qualifications

  • Tre-årig relevant bachelorutdanning (180 stp) frå høgskole eller universitet.
  • Ein eller under relevant høgskule-/universitetsutdanning.
  • Relevant fagbrev/vidaregåande utdanning i kombinasjon med relevant erfaring frå arbeid med barn og unge.

Responsibilities

  • Legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritidsaktivitetar som gjev ny læring og meistring for ungdommane som bur hos oss.
  • Vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell, som kan planleggje og oppretthalde ein god struktur.
  • I det daglege samarbeide med ungdommane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar.
  • Rettleie og setje grenser på en utviklingsstøttande måte.
  • I tillegg skal ein utføre daglege praktiske oppgåver i avdelinga.

Skills

Engasjert
Relasjonssterk
Vaksen rollemodell
Kommunikasjonsevne
Tilkallingsvikar

Education

Bachelorgrad 180 sp
Relevant fagbrev/vidaregåande utdanning
Under utdanning i relevant felt

Tools

IKT-system

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Kollen Ungdomssenter består av ei avdeling på Vestnes med fire plassar og ei avdeling i Molde med tre plassar. Vi gir tilbod om omsorgs- og behandlingstiltak etter barnevernslova og vi arbeider målretta med å skape trygge rammer, moglegheit for utvikling og varig endring for ungdommane som bur hos oss.

Vi søkjer no etter fleire trygge, engasjerte og relasjonssterke tilkallingsvikarar som ønskjer å arbeide som miljøterapeuter og miljøarbeidere i avdelingane våre både i Molde og på Vestnes.

Vi ser etter tilkallingsvikarar som kan arbeide alle typar vakter hos oss, det vil seie i todelt turnus med dag- og kveldsvakter, langvakter, nattevakter og statleg langturnus. Du vil få meir informasjon om turnusen vår, når du vert innkalla til intervju.

Vi tilbyr ein trygg start som tilkallingsvikar hos oss blant anna gjennom:

  • minimum 2 opplæringsvakter i avdeling.
  • tilbod om kortare opplæring i tryggleik og sikkerheit.
  • all opplæring er lønna.

Intervju blir gjennomførte fortløpande i utlysningsperioda


Arbeidsoppgåver
  • Legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritisdaktivitetar som gjev ny læring og meistring for ungdommane som bur hos oss.
  • Vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell, som kan planleggje og oppretthalde ein god struktur.
  • I det daglege samarbeide med ungdommane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar.
  • Rettleie og setje grenser på en utviklingsstøttande måte.
  • I tillegg skal ein utføre daglege praktiske oppgåver i avdelinga.

Kva bakgrunn har du?
  • Du har ein tre-årig relevant bachelorutdanning (180 stp) frå høgskole eller universitet.
    • eller under relevant høgskule-/universitetsutdanning.
    • eller har relevant fagbrev/vidaregåande utdanning i kombinasjon med relevant erfaring frå arbeid med barn og unge.
  • Det er krav om robust fysisk og psykisk helse som er foreinleg med krav til tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon.
  • Sertifikat kl. B.
  • Du må kunne bruke fag og administrative IKT-system på ein effektiv måte.
  • Du må på godt norsk kunne kommunisere både munnleg og skriftleg.
  • For å bli vurdert som søker, må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar
  • Du forstår og etterlever grunnleggande strukturer i miljøterapien.
  • Du har god gjennomføringsevne, er uthaldande og lojal til kollegaer.
  • Du er tydeleg, varm og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
  • Du er tilgjengeleg for arbeid på vekedagar, helg og i ferie.

For oss er det også svært viktig at du som person er eigna til jobben.


Kva får du hos oss?
  • Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbiedskvardagen.
  • God opplæring og rettleiing frå kollegaer.
  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr 500 000-630 000 pr. år, eller i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000- 690 000 pr år. Andre brukerretta fagspesifikke stillingskoder (1494 Sosionom, 1495 Barnevernspedagog, 1508 Vernepleier) med samme lønnsplassering kan nyttast i høve statleg lønnsregulativ og lokal lønnspolitikk for Bufetat. Søkere som unntas for krav om relevant bachelorutdanning innplasseres i stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 480 000 - 550 000 pr. år, eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr. 450 000 - 535 000 pr. år.

Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Kollen ungdomssenter.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider
Tilkallingsvikar miljøterapeut/miljøarbeider

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Molde

On-site
NOK 500,000 - 690,000
God opplæring og rettleiing frå kolleg
Stillingar lønnsplassering i statleg l
Lønnsplassering i aktuelle stillingskó
Miljøterapeut helg
Miljøterapeut helg

Thomas Sveistrup Wessel • Saltnes

On-site
NOK 470,000 - 700,000
Hvilende nattevakt
Hvilende nattevakt

Marion Gjertsås • Orkland

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Tillkallingsvikarer
Tillkallingsvikarer

Inger Ulfsbøl • Kirkenær

On-site
NOK 500,000 - 630,000
Pensjonsordning
Tillkallingsvikarer
Tillkallingsvikarer

Bufetat • Kirkenær

On-site
NOK 480,000 - 630,000
Statlig lønnsregulativ
Pension/ Pensjonsordning
Miljøterapeuter
Miljøterapeuter

Katarina Holst Moe • Sortland

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Statens pensjonskassedel/låneordninger
Gratis parkering ved enheten
Dyktige og motiverte medarbeidere
Miljøterapeuter
Miljøterapeuter

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Sortland

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gratis parkering ved enheten
Dyktige og motiverte medarbeidere
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem

Ylberina Tahiri • Kongsberg

On-site
NOK 545,000 - 720,000
Statens pensjonskasse
Barnevernspedagog, sosionom, vernepleier
Barnevernspedagog, sosionom, vernepleier

Tobias Vassbotn Evebø • Volda

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Miljøterapeut/spesialutdannet miljøterapeut
Miljøterapeut/spesialutdannet miljøterapeut

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Mo i Rana

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse med
Gode samarbeidsrelasjoner og dyktige/m
Engasjert fagmiljø og faglig utvikling
+1
Top locations