Receba uma resposta desta empresa empregadora
Seu currículo e carta de apresentação personalizados exatamente para o que estão contratando.
Ålesund kommune søker vikarar til dei kommunale barnehagane og knyter dei til bemanningstenesta i Ålesund Indre og nordre. Du kan arbeide på Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og Harøy etter avtale.
Oppgåvene inkluderer å delta i daglege rutinar, støtte det pedagogiske arbeidet og følgje opp rettleiinga som blir gitt, med fokus på eit godt og trygt miljø for barna. Det er krav om å beherske norsk skriftleg og munnleg, og vi vurderer relevant utdanning/erfaring som føre-/kvalifikasjon
Dei kommunale barnehagane i Ålesund treng fleire vikarar og vi søkjer derfor etter assistentar og fagarbeidarar. Vikarane i denne utlysninga vil bli knytt til bemanningstenesta i Ålesund Indre og nordre.
Barnehagane i denne verksemda er Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og Harøy
Du som vikar kan velje å arbeide mot ein eller fleire barnehagar etter avtale. Kandidatar vil bli vurdert fortløpande. Eiga utlysing gjeld for Harøy barnehage
Vi søker deg som:
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.