Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Aukra kommune søker tilkallingsvikar til barnehagen.
Stillingen er fleksibel og innebærer vikariering ved fråvær av faste tilsette, både kortvarig og lengre perioder.
Er du nysgjerrig på arbeid i barnehage og lurer på om det kan bli ein karriereveg? Da skal du prøve deg som tilkallingsvikar!
Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag.
Tilkallingsvikar skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver.
Vi tilbyr
Stort og godt fagmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459.
Sissel.garseth@aukra.kommune.no