Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar. Stillinga er eit 100% vikariat med moglegheit for forlenging, og løn som 100% tolk. Arbeidsfordelinga er ca.
60% tolk i skuletida og 40% miljøterapeut i SFO-del, med eit heilskapleg fagmiljø. Valderøy barneskule har cirka 460 elevar og ein forsterka avdeling for barn med store behov. Dette er ei rolle som fremjar inkludering og utvikling i ei tverrfagleg arbeidsgruppe.
Vil du gjere ein forskjell for barn med store og samansette behov?
Vi har ledig ei spennande og meiningsfylt stilling frå 01.01.27 der du får kombinere arbeid som teiknspråktolk, teiknspråkopplærar og miljøterapeut. Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som ønskjer å bidra til læring, inkludering og meistring for elevar med store funksjonsnedsettingar.
Stillinga er 100% vikariat, med mulighet for forlengelse.
På grunn av ressursbehovet i avdelinga er stillinga er i dag fordelt slik: ca. 60% tolk i skuletida, og ca. 40% miljøterapeut i SFO del, men lønna som 100% tolk. På denne måten blir du ein del av eit heilskapleg arbeid og fagleg miljø.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i forsterka avdeling. Avdelinga er for born med store funksjonsnedsettingar, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar dei tilsette for at borna skal ha gode dagar, og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Vitnemål, CV og referansar må leggast inn i søknaden.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.