Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Odda tannklinikk søker etter tannlege i 100% vikariat. Stillingen er ledig frå 21.9.26 til 2.7.27, med moglegheit for forlenging. Litt ambulering til Lofthus tannklinikk må påreknast.
Klinikken opna i 2025 og ligg midt i Odda sentrum med parkeringsplass og lademoglegheit. Den ligg kort gangavstand frå busstopp. Vestland fylkeskommune har ansvar for offentleg tannhelsetenesta og vi har kompetanse, forsking og god klinisk praksis for å betene innbyggjarane.
Søkjer etter Tannlege ved Odda tannklinikk.
Stillingaer eit vikariat i 100%. Ledig frå 21.9.26 og med varighet til 2.7.27(Truleg med moglegheit for forlenging) Litt ambulering til Lofthus tannklinikk må påreknast.
Tannklinkken var ny i 2025 og ligg midt i Odda sentrum med parkeringsplass og lademoglegheit. Den ligg i kort gangavstand fra busstopp.
Er ein klinikk for 3 tannleger, 2 tannpleiere og 3 sekretærer.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.