Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Vestland fylkeskommune søker tannhelsesekretær/assistent ved Stord tannklinikk. Oppstart frå 16.nov.26. Stillinga krev anna utdanning innan 3 år for søkjarar utan autorisasjon, og det vil vere krav om politiattest.
Stord tannklinikk har eit tverrfagleg team og tilbyr spesialistbehandling. Arbeidsstaden tilbyr eit utfordrande og fagleg utviklande miljø med fokus på pasienttryggleik og god helsefremmande praksis.
Det er ledig ei 100% fast stilling som Tannhelsesekretær/assistent ved Stord tannklinikk. Er ledig frå 16.nov.26.
For søkjar utan autorisasjon som Tannhelsesekretær er det krav om å ta utdanning innan 3 år etter tilsetjing.
Stord tannklinikk er ein klinikk med 7 tannlegar, 3 tannpleiare og sekretærer. Stord tannklinikk har tilsett spesialist i endodonti og eget TOO-team.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.