Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
OsloMet – storbyuniversitetet
med NorQSoft og Kvantehub på Pilestredet campus i Oslo søkjer ein forskar/student som kan utvikle og undersøke analog og digital kvanteberkning. Prosjektet krev djup innsikt i kvantefysikk, programmering og simulering, og kandidaten må vere innstilt på ph.d.-opptak og vidare forsking ved universitetet.
OsloMet – storbyuniversitetet – er Noregs tredje største universitet med 23 000 studentar og over 2 600 tilsette. TKD tilbyr høgare utdanning og FoU-aktivitetar innen tekniske fag, kunst og design. Fakultetet har om lag 4 000 studentar og 400 tilsette og held til på Pilestredet campus i Oslo sentrum og på Kjeller campus i Akershus. Institutt for informasjonsteknologi tilbyr fire bachelorprogram, eitt masterprogram og er del av eit tverrfagleg ph.d.-program. Fagtilsette ved instituttet forskar på eit breitt spekter av område, inkludert informatikk, naturvitskap og innovasjon og leiing, og både studentar og forskarar deltek i stadig fleire tverrfaglege initiativ.
Stillinga er knytt til det nyleg etablerte Norwegian Quantum Software Centre (NorQSoft) og OsloMets kvantehub. Aktivitenten ved NorQSoft, som har Simula Research Laboratory som vertinstitusjon og OsloMet som kjernepartnar, omfattar grunnleggande forsking på programvare for kvanteapplikasjonar, "full stack” kvanteprogramvare og kvantebasert KI. Målet er å utvikle kvanteprogramvareteknologiar med reell samfunnsrelevans gjennom solide teoretiske fundament, prototypverktøy og verifikasjon via akademiske og industrielle case. Senteret byggjer òg opp ei utdanning i verdsklasse innan kvanterekning.
Les meir om fakultetet og instituttet her . Les meir om våre forskingsgrupper her.
Du vil arbeide med analog kvanterekning i opne og lukka system, inkludert adiabatiske kvanteberekningar og kvanteannealing, samt samspel mellom digitale implementasjonar (t.d. QAOA) og kontinuerleg-tids-analogar.
Forskingsprosjektet - Analog kvanterekning - i opne og lukka system
Mykje av forskings- og utviklingsarbeidet innan kvanterekning (quantum computing) skjer innafor det vi kan kalle port-basert kvanterekning. Men metodar som er kontinuerlege i tid, som for eksempel adiabatisk kvanterekning og quantum annealing, representerer interessante alternativ. Sjølv om adabatisk kvanterekning er formelt ekvivalent med universell, port-basert kvanterekning, er framgangsmåten konseptuelt sett fundamentalt forskjellig. I dette prosjektet vil vi utvikle og teste nye tilnærmingar til tunge optimerings-problem, problem som er vanskelege eller umogelege å løyse på klassiske datamaskinar.
Både analog og digital kvante-maskinvare høyrer framleis heime under det vi kallar noisy intermediate scale quantum (NISQ) computers - støyfulle, mellomstore kvante-datamaskinar. Støy generelt og dekoherens spesielt er venta å vere noko vi må forhalde oss til også i åra som kjem. Det vil derfor vere av interesse å undersøke korleis slike effektar påverkar kvanterekning, også analog kvanterekning. Når det gjeld quantum annealing er dette spesielt interesant sidan slike effektar har ein tendens til å plassere systemet i grunntilstanden. Vi ønsker å undersøke om og korleis dette kan bli utnytta til å løyse optimeringsproblem – og korleis dynamiske effektar kan bidra ytterlegare til dette.
Prosjektet har også som mål å undersøke samanhengen mellom standard-implementeringar av the approximate quantum optimization algorithm (QAOA) og analoge implementeringar som er kontinuerlege i tid.
I gjennomføringa av prosjektet vil vi bruke klassiske berekningar og simuleringar til å undersøke om kvantemaskinvare er i stand til å gi ein fordel over klassiske alternativ for dei aktuelle eksempla vi vil sjå på. Det vil også vere av interesse å implementere metodane på faktisk kvantemaskinvare.
opptak til relevant doktorgradsprogram er ein føresetnad for tilsetjing
Dei generelle kriteria for tilsetting i rekrutteringsstillingar følgjer av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat (FOR-2006-01-31-102), jf. overgangsreglar omtala i forskrift for universitets- og høgskulelova § 13.2.
Vi søker ein kandidat som:
Vi legg vekt på at kandidaten må vere personleg eigna for stillinga.
Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette ved behov. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkomen til å søkje hos oss.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=SHi5avzdHIk