Recebe uma resposta deste empregador
O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.
Myrane barnehage i Kvinnherad kommune søkjer ei 100% sjukepleiar som vil fylgje opp eit barn som har vedtak etter §37. Hovudoppgåva er å ivareta barnets medisinske tryggleik gjennom observasjon, førebyggande tiltak og dagleg legemiddelhandtering.
Verksemda legg vekt på ro, tryggleik og samarbeid med foreldre og kollegaer. Du vil vere ei trygg hand i akutte situasjonar og bidra til eit godt barnehagemiljø med fokus på barnet sin trivsel og helse.
Myrane barnehage lyser ut etter ein 100% sjukepleiarstilling til å fylgjer opp eit barn som har vedtak etter §37. Vedkommande er ynskjeleg startar i stillinga snares mogleg
Rolla di i barnehagen vil i hovudsak vera knytt til eit barn. Innhald i rolla vil i hovudsak vera å ivareta helse, fylgje opp og gje medisin.
Det er svært viktig at vedkommande som går inn i denne stillinga er roleg og trygg i rolla si, er ein nær og god vaksen med eit godt barnesyn, er god på samarbeid og kommunikasjon (både med kollegaer, foreldre og eksterne instansar).
rolig, trygg og er i stand til å handle raskt og korrekt dersom ein akutt situasjon oppstår
har god klinisk observasjonsevne og fangar opp endringar i barnet sin allmenntilstand
arbeidar førebyggande og forstår betydninga av gode rutinar rundt blandt anna måltidet, medisinar, sjukdom og observasjon
er komfortabel med ansvar og kan arbeida sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde
kjenna eigne faglege grenser og er trygg nok til å spørre eller innhente rettleiing dersom noko er uklart
samarbeida godt med foreldre og øverige personale i barnehagen
varm og trygg i møte med barn, samtidig som den medisinske oppfølginga kan føregå på ein naturleg og lite inngripande måte i barnehage kvardagen
Du må vera strukturert og har god skriftleg framstillings evne.
Sjukepleiaren si hovudoppgåve vil være å ivareta barnet sin medisinske tryggleik gjennom observasjon, førebyggande tiltak, dagleg legemiddel handtering og beredskap ved behov. barnet skal elles delta i barnehagen sin kvardag og aktivitetar saman med resten av barnegruppa
erfaring med akutt situasjonar, klinisk vurdering og/eller oppfølging av barn med medisinske behov er ein fordel.
Vi søkjer deg som ynskjer å arbeide i ein hektisk men kjekk barnehagekvardag, samstundes som du får utøve rolla di som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.