A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 søker ein 1. maskinist til Arsvågen–Mortavika sambandet om bord på gassferjar. Turnus 2:4 med 2 veker arbeid og 4 veker fri, om bord i arbeidperioden, og reise til arbeidsstaden vert dekt. Stillinga er 100% heile tid med fast tilsetjingsform. Start so snart som mogleg; søknadsfrist 03.11.2026. Lønn basert på overenskomst, dekka reisekostnader, treningsrom om bord, og gode velferdsordningar.
Fjord1 innførar 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1. maskinist som ønsker å vere med på den nye ordninga.
Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.
I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Søknadsfrist 03.11.2026
Arbeidsgivar Fjord1 - Maritim Drift
Stad Føresvik
Stillingstittel
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5197433934
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Adresse: Arsvågen ferjekai, E39, 5561 Føresvik, Norge
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stad, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele og!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi flere som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.