Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Torill Magnussen i Haugo søkjer difor ein sjåfør for varebil klasse B mellom Osterøy og Bergen. Stillinga krev at du er effektiv, serviceinnstilt og har god fysisk helse, samt at du handterer uforutsette situasjonar og er sjølvstendig.
Du må kunne norsk godt og vere inkluderande, då du blir del av personalgruppa som tilrettelegg og planlegg drift. Engasjementet er eit år og knytt til NAV si Varig tilrettelagt arbeid-tiltak.
Vi søkjer sjåfør til varebil klasse B for køyring Osterøy og Bergen.
Personen vi ser etter må vere effektiv, serviceinnstilt, ha god fysisk helse og vere omsorgsfull. Personen må handtere uforutsette ting, både med kundar, trafikk og bil, og vere sjølvstendig.
Sjåføren har sidemann med seg som har tilrettelagte behov og det er viktig at sjåføren har tolmod, er inkluderande og viser tryggleik. Vi ser etter ein sjåfør som er tru med våre verdiar; respekt, utvikling og meistring. Det er også derfor personen må kunne snakke og forstå godt norsk.
Den som vert tilsett vert ein del av personalgruppa som har ansvar for tilrettelegging og planlegging av drift.
Fordi vi er ei arbeidsinkluderingsbedrift må vedkommande levere politiattest.
Vi har oppretta ei stilling som sjåfør på vaskeriet og frukten. Vi har kombinert desse to avdelingane for at vi skal kunne tilby ei full stilling.
Arbeidsoppgåvene på frukten er levering av jobbfruktkorger til bedrifter og skulefrukt til skular. Arbeidsområdet er Osterøy og Bergen.
På vaskeriet er oppgåva å levere og hente varer. Det er mattebytter, trilling av vogner og bæring av sekkar. Køyringa er til bedriftskundar på Osterøy og rutene er faste.
På begge rutene har sjåføren med seg sidemann som er knytt til tiltaket Varig tilrettelagt arbeid.
Stillinga er eit engasjement med kontrakt ett år om gongen. Stillinga er knytt til NAV sitt arbeidsmarknadstiltak VTA- Varig tilrettelagt arbeid og dersom vi får søkjarar med dei rette kvalifikasjonane opphøyrer engasjementet.
Arbeidstid på dagtid
Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
Gode pensjonsordningar
Lønn etter avtale
Bedriftstrening