Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Bergen HF søkjer ein serviceingeniør i 100% fast stilling ved Seksjon for medisinsk fysikk i Bergen. Stillinga er knytt opp mot gruppa som vedlikeheld og service på stråleterapiutstyret ved Kreftklinikken.
Du vil vere ein del av ei gruppe på tre serviceingeniørar med hovudoppgåve å drive vedlikehald og kvalitetssikring, i dialog med klinikken og leverandørar, og kan vere involvert i protonterapi-relaterte oppgåver.
Seksjon for medisinsk fysikk har ledig 100% fast stilling som serviceingeniør innan stråleterapi. Stillinga vil vere knytta opp mot gruppa for serviceingeniørar som driv vedlikehald og service på stråleterapiutstyret ved Kreftklinikken. Vi oppmoder særleg deg som er nyutdanna eller relativt ny i arbeidslivet til å søke på stillinga!
Seksjon for medisinsk fysikk er eit kompetansesenter innan fagfeltet medisinsk fysikk.Vi er i dag om lag 50 tilsette, alle med universitet eller høgskuleutdanning. Ei av seksjonen sine hovudarbeidsoppgåver er å yte teknisk- og fysikkstøtte til klinikken si stråleterapieining. Seksjonen har òg ansvar for medisinsk fysikk innan protonterapi - som blei starta i Bergen våren 2025, og oppfølging av drifts- og vedlikehaldskontrakt for protonterapiutstyret. Per i dag har vi 6 lineærakseleratorar, alle frå leverandør Siemens/Varian. Dette er tre TrueBeam, to Halcyon og ein Ethos-maskin, alle med overflateskanningssystem frå VisionRT. Ut over det har vi etterladar til brakyterapi, den er òg frå same leverandør. Vi har og to CT for stråleterapiplanlegging frå Philips og Siemens.
Den ledige stillinga er i ei gruppe på tre serviceingeniørar, som saman har som hovudoppgåve å drive vedlikehald og kvalitetssikring på ein måte som sørger for mest mogleg oppetid og reduserte driftskostnader på stråleterapiutstyret, i god dialog med andre yrkesgrupper og utstyrsleverandørar.
Det kan og vere aktuelt med arbeidsoppgåver inn mot protonterapi.
Attestar, tjenestebevis og dokumentasjon på tidlegare arbeidserfaring og relevant utdanning leggast ved søknaden. Dette danner grunnlag for vurdering av kompetanse og fastsetjing av løn.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Lukas Hirschi,Ass. seksjonsleiar,lukas.andreas.hirschi@helse-bergen.no
Einar Waldeland,Seksjonsleiar,90825553
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5170039442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026