Koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn
Om Nav region Sogn
Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen.Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.
Vil du vere med å skape flere moglegheiter i arbeidslivet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.
Kva går jobben ut på?
- koordinere og videreutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkludering
- byggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehov
- planlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetar
- samarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sogn
- vere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstilling
- delta i fylkesvise og nasjonale markedsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen, opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeid
- god forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behov
- gode digitale ferdigheiter
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
- erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid
- erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid
- kjennskap til næringslivet i Sogn
Kven er du?
- byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
- tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiter
- deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidet
- får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar
Kvifor velje oss?
- spennandeogmeiningsfyltearbeidsoppgåverpåeitviktig samfunnsområde
- eitgodt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
- løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.000 - 729.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Jonas Grotle Førde,Nav-leiar Vik,97614679,jonas.grotle.forde@nav.no
Rigmor Wathne,Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr,47286676,rigmor.wathne@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 56
6863Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5172555856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026