Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ulstein Power & Control er Ulstein sitt kompetansesenter for integrerte kraft- og automasjonsløysningar. Som Senior Engineer Power Systems vil du vera ein sentral aktør i utvikling av løysingar for det grøne skiftet og ha ansvar for engineering, oppfølging og prosjektleveransar.
Vi søkjer deg med høgare utdanning innan elektro, god forståing av marine kraftsystem og erfaring frå skipssystem og maritim industri.
Ulstein Power & Control er ULSTEIN sitt kompetansesenter for integrerte kraft- og automasjonsløysningar. Vi kombinerer leiande ekspertise, innovasjon og lang erfaring for å levere kostnadseffektive, berekraftige og framtidsretta løysningar med førsteklasses service som gir kundane eit tydeleg konkurransefortrinn.
Selskapet er i vekst, og har fleire spanande prosjekt innan ulike segment. Som vår nye Senior Engineer får du ei sentral rolle i eit utviklingsorientert og dynamisk fagmiljø.
Høyr Stillingspodden fra HAMNØY, der Project & Engineering Manager Stephen Thorheim Røyset fortel meir om selskapet og stillinga her.
Som Senior Engineer Power Systems vil du få moglegheit til å delta aktivt i utvikling av løysningar knytt til det grøne skiftet. Du vil delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur og få ansvar for engineering, oppfølgning og kontroll av prosjektleveransar.
Andre relevante arbeidsoppgåver er
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innen elektro. Du har god forståing og interesse for marine kraftsystem og automatisering, samt kjennskap til skipssystem og maritim industri. Erfaring frå leveransar av systempakkar basert på DC- og AC-system, samt Low Voltage og Medium Voltage, havbruksnæringa eller batteriteknologi kan også vere relevant.
Videre ser vi for oss at du har
Arbeidsstad vil være ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor på Moa i Ålesund, som kan nyttast.
men søknadar vurderast fortløpande.
Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor Ulstein Power & Control i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.