A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Dialysen ved Førde sentralsjukehus søker ein engasjert seksjonsleiar som vil vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom. Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling og har ansvaret for fag, personal og økonomi.
Stillingsprosenten er 100%, fast og lønna blir forhandla etter avtale. Arbeidsstad er Førde, og søknadsfrist er 11.10.2026. Oppstart er 01.11.2026.
Dialysen ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.11.2026.
Vi søkjer ein engasjert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom.
Dialyseseksjonen gir livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt, og tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt. Seksjonen tilbyrbåde hemodialyse og peritonealdialyse.
Det er eit tett samarbeid mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde innan dialyse. Dialysen ved Førde sentralsjukehus har eit særleg ansvar for oppfølgjing og koordinering av pasientar i heile nedslagsfeltet, og bidreg til opplæring og fagleg utvikling.
Seksjonen har totalt 9,4 årsverk, inkludert fagutviklingssjukepleiar.
Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling. Avdelingssjef er næraste overordna.