A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nav Sveio søker to engasjerte rådgivarar som kan bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning. Stillinga er knytt til oppfølgingsteamet og handlar om å sjå moglegheiter saman med den enkelte, avklare behov og finne vegen vidare mot arbeid eller utdanning.
Du samarbeider tett med brukarar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar, og du må balansere god relasjonsbygging med krav til framdrift og kva som er forsvarleg forvaltning.
Om arbeidsplassen Nav Sveio er eit lokalt Nav-kontor med 12 medarbeidarar og ein del av region Nav Sunnhordland. Hos oss blir du ein del av eit tett og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kunnskapsdeling og engasjement for samfunnsoppdraget står sentralt. Saman med kollegaer i Nav Stord, Nav Fitjar, Nav Bømlo, Nav Kvinnherad og Nav Tysnes utgjer vi eit fagleg sterkt fellesskap som arbeider for inkludering, deltaking og fleire i arbeid.
Om stillinga I Nav Sveio møter me menneske med ulike ressursar, mål og utfordringar. Me trur på at dei fleste, med rett støtte og gode moglegheiter, kan finne sin plass i arbeidslivet. No ser me etter to engasjerte rettleiarar som deler denne trua og som ønskjer å bidra til at flere kjem i arbeid eller utdanning.
Stillingane er knytt til oppfølgingsteamet, der du i hovudsak skal følgje opp personar som søkjer om eller får arbeidsavklaringspengar (AAP). Arbeidet handlar om å sjå moglegheiter saman med den enkelte, avklare behov og ressursar og finne gode vegar videre mot arbeid, utdanning eller annan arbeidsretta aktivitet.
Som rettleiar får du ein variert arbeidskvardag med oppfølging, rettleiing og sakshandsaming. Du samarbeider tett med brukarar, arbeidsgivarar, behandlarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Du må trivast med å møte menneske i ulike livssituasjonar og kunne balansere god relasjonsbygging med krav til framdrift, kvalitet og korrekt forvaltning.
Nav er i stadig utvikling, og arbeidsoppgåvene kan endre seg etter behov.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Camilla Tranøy Forth,Kontorleiar,976 92 224, camilla.tranoy.forth@nav.no
Sveiogata 64
5550Sveio
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5213434924
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Nav består av 22 000kompetenteogengasjertemedarbeidarar.Vi jobbartverrfaglegi sterke fagmiljø.Hos oss skalarbeidsmiljøet pregastavinvolvering,openheitogtillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste.Ønskjer duåbli unntatt fraoffentleg søkjarliste, må dugrunngjedette.Delgjerne vitnemålet dittellerkarakterutskrift dine påvitnemålsportalen.no.
Avdelingsleiar barne- og ungdomsavdeling