A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Stryn kommune søker ein engasjert reiselivskoordinator som får ei utviklande rolle i å drive og koordinere reiselivet i kommunen. Du arbeider i felt i høgsesong, og du sørgjer for at cruisestrømmen blir god, inkludert kontakt på kai og med Nordfjord Havn.
I tillegg vil du ha kontor i Stryn kommune utanom sesongen og arbeide med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Du samarbeider tett med plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og med Nordfjord havn.
Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?
Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator.
Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - "hands on", og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet.
Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utenfor desse månadane.
Det er ønskjeleg med:
Siv Randi Berstad,Konst.avdelingsleiar berekraft og næring,siv.berstad@stryn.kommune.no
Tonningsgata 4
6783Stryn
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5191279992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026