Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus.
Reinhaldsavdelinga har ledig to faste stillingar i 100 % som reinhaldar.
Stillingane er knytte til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, og arbeidsoppgåvene vil for tida hovudsakleg vere knytte til alle bygg ved sjukehuset.
Arbeidstid
- Arbeidstida er organisert i ulike vaktskift innenfor tidsrommet kl. 06.00-21.00 på kvardagar, inkludert ettermiddags- og kveldsvakter etter gjeldande vaktplan.
- Det er arbeid kvar tredje laurdag og arbeid på helge- og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald av til dømes behandlingsrom, pasientrom i sengepost, kantine, bad og toalett, kontor og fellesareal.
- Reinhald av operasjonsstover ved augeoperasjonar
- Behovsstyrt reinhald av obduksjonssal.
- Periodisk reinhald av dei ulike romkategoriane ved sjukehuset.
- Bruk av ulike typar reinhaldsmaskiner, inkludert sittemaskiner
- Smitteutvask
- Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvalitetskrav i reinhaldsstandard Insta 800
- Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet
- Delta i utprøving av nye metodar og løysingar som kan effektivisere reinhaldsarbeidet, til dømes reinhaldsrobotar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget.
- Ved mangelande kvalifiserte søkjarar med aktuell fagkompetanse, vil søkjarar med erfaring frå reinhaldsyrket verte vurdert.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Kjenne til og arbeide etter standard for reinhaldskvalitet Insta 800 og NS 6600.
- Må kunne planleggje og utføre periodisk renhold
- Må kunne bruke ulike typar reinhaldsmaskiner, oinkludert sittemaskiner
- Kjennskap til smitteoverføringspunkt og korleis desse skal reingjerast.
- Kjennskap til skiljet mellom reine og ureine soner
- Må kunne bruke nettbrett, då alle reinhaldsplaner er digitale.
- Må kunne bruke PC, då kurs, prosedyrar og kompetanseplanar er digitale.
- Ha interesse for å lære nye og meir effektive metodar innanreinhald, til dømes bruk av større og mindre reinhaldsrobotar.
Personlege eigenskapar
- Vere stabil og påliteleg
- Vere målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet
- Ha engasjement for reinhaldsfaget og vere oppteken av å lbidra til eit reint og hygienisk sjukehusmiljø
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Trivast i eit travelt og omskifteleg arbeidsmiljø
- Ta initiativ til å lære ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap innan reinhaldsfaget
- Bidra til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Relevant opplæring for stillinga
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Eit triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Elin Høyland,Husøkonom,(+47) 578 39 378
Arbeidssted
Førde sentralsjukehus
6812FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5182940011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026