Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Indre Agder Kommunale Tilsynskontor for avløp (IAKT) søkjer to rådgjevarar i faste 100 % stillingar. Bygland vertskommune, kontoret er nytt og du blir med frå starten.
Du får vere med på å forme arbeidsmåtar, rutinar og prioriteringar, byggje eit fagmiljø og bidra til at avløpsanlegga oppfyller krav i forureiningsregelverket til beste for vatn og innbyggjarane i Indre Agder.
Indre Agder Kommunale Tilsynskontor for avløp (IAKT) søkjer to rådgjevarar i faste 100 % stillingar.
Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, og Åmli går saman om eit felles tilsynskontor for avløp. Arbeidet blir utført på tvers av alle kommunane, med Bygland som vertskommune. Kontoret er nytt, og du blir med heilt frå starten. Det betyr at du sjølv får vere med på å forme arbeidsmåtar, rutinar og prioriteringar, og byggje eit fagmiljø saman med kollegaene dine. Kontoret skal sørgje for at avløpsanlegga i dei fem kommunane oppfyller krava i forureiningsregelverket, til beste for vassmiljøet og innbyggjarane i Indre Agder.
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.