Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Høgskulen på Vestlandet i Førde søker rådgjevar i studieadministrasjonen for fast 100 % stilling. Du vil leia studentar og handsame sakar knytt til studieprogram og læringsverktøy, og bidra til kvalitetssikring av studieinformasjon.
Relevant høgre utdanning og dokumentert erfaring frå studieadministrativt arbeid er nødvendig; erfaring med FS og Canvas er ein fordel. Fleksibelt lag og evne til å setje seg raskt inn i nye oppgåver blir vektlagt.
Høgskulen på Vestlandet
Studieadministrasjonen ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er lokalisert på alle HVL sine fem campusar. Den ledige stillinga er ei fast 100 % stilling som rådgjevar med arbeidsstad på campus Førde.
Personlege eigenskapar:
Stillinga som rådgjevarer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Høgskulen på Vestlandet (HVL)er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning ogøkonomi, samfunnsfag og maritime studier.
HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 500 årsverk og 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet