A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss Sparebank opnar nytt kontor i Odda og søkjer ein engasjert rådgjevar for privatkundar innan kreditt, forsikring og sparing. Du vil byggje relasjonar og vere ein økonomisk sparringspartnar for kundane.
Vi ser etter deg med relevant utdanning, erfaring og eit brennande engasjement for personleg økonomi. Autorisasjonar frå FinAut er ein fordel, og motivasjon for å ta autorisasjonsløpet blir vektlagt.
Voss Sparebank skal opna kontor i det gamle flotte bankbygget i gågata i Odda. Til dette kontoret søkjer me ein engasjert og relasjonssterk rådgjevar for privatkundar. Dette er ein sjeldan sjanse for deg som gjerne har bakgrunn frå bank, kjenner regionen godt og ynskjer å vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av.
Brenn du for personleg økonomi og gode kundeopplevingar? Kommuniserer du godt med andre menneske? No har du ein sjeldan sjanse til å få jobb i Voss Sparebank sitt nye kontor i Odda som rådgjevar for privatkundar innan kreditt, forsikring og sparing.
Planlagt opning av kontoret er sommar/haust 2027. Estimert oppstartstidspunkt for stillinga er i god tid før opning og etter avtale.