A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss Sparebank søker ein rådgjevar på bedriftsmarknaden til Voss og nærområdet. Du vil ha ansvar for eiga kundeportefølje og jobbe tett med lokale bedrifter for å forstå deira behov og moglegheiter for vekst.
Du bør ha høgare utdanning innan økonomi, vere nyutdanna eller i starten av karrieren, og vera motivert for å byggja sterke relasjonar. Banken tilbyr eit godt arbeidsmiljø i eit aktivt lokalsamfunn med attraktive utviklingsmoglegheiter.
Likar du å arbeida med folk, økonomi og ha gode kundemøte?
Er du typen som ser ei oppgåve som må gjerast, og berre gjer det?
Då vil me gjerne høyre frå deg.
Voss Sparebank er ein sjølvstendig lokal sparebank med 28 tilsette.
Me kjenner kundane våre, me kjenner kvarandre – og me likar å gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva.
No ser me etter ein ny kollega som skal vera rådgjevar for bedriftsmarknaden på Voss og nærområdet vårt.
Hjå oss får du ikkje berre kontorpult, stol og PC i moderne lokale.
Du får høve til å bli kjend med verksemdene i lokalsamfunnet, forstå kva dei driv med og vera ein viktig sparringspartnar når dei skal investera, utvikla seg eller ta nye steg.
Ingen dagar er like.
Nokre dagar sit du fordjupa i ein kredittsak.
Andre dagar er du ute og møter ein kunde, diskuterer investeringar over ein kaffikopp eller finn ut korleis me kan hjelpe ei lokal bedrift vidare.
Om du trivst med ansvar, relasjonar, tykkjer om samfunnsoppdraget vårt og likar at arbeidsinnsatsen din vert opplevd som meiningsfull.
Då er dette kanskje ei stilling for deg?
Som rådgjevar på bedriftsmarknaden får du ansvar for eiga kundeportefølje.
Du vil mellom anna:
Her har du kort veg til fjell, ski, sykling, fjord og andre friluftsaktivitetar – samstundes som Voss har eit rikt idretts- og kulturliv gjennom heile året.
For deg som likar å vere aktiv, møte folk og ha naturen tett på, er Voss ein fin plass å både bu og jobbe.
Her kan du lesa meir om banken :
www.vossabanken.no
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Leiar bedriftsmarknad Kurt Arild Midtun: 479 30 327
Banksjef Jørund Rong: 479 30 335