Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde søker ein rådgjevar til fagområdet rørsle og bustad i ein 100% stilling. Vi brenn for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag, og du vil arbeide i eit tverrfagleg team som bidrar til å tilrettelegge og gjere brukarar løyseorienterte val.
Arbeidsoppgåvene inkluderer rettleiing av brukarar og pårørande om rørslehjelpemiddel, å formidle hjelpemidlar til bustad og fastmontert utstyr, samt å halde kurs og ut faktisk synfaring/utprøving for eit
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig eit vikariat i 100% stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Vi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig.Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane.
Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert.Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre.Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.