Psykologspesialist/psykolog

Monika Høyer Haugland

Førde

On-site

NOK 690,000 - 930,000

Full time

14 days+
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening 1 time per veke

Job summary

Senter for foreldre og barn, region vest, har ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% tilknyting til Førde-avdelinga. Det kan vere moglegheit for lokal tilknyting til Bergen med jamnlege reiser til Førde.

Arbeidsstaden er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Hovudoppgåva er utgreiing, rettleiing og behandling med barnet sitt perspektiv i fokus, og ein vil utvikle seg fagleg innan barnevernsarbeidet.

Qualifications

  • Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning. Må kunne arbeide i tverrfagleg miljø.
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort personbil og digitale ferdigheiter.

Responsibilities

  • Utføre utgreiing og rettleiing i barnevernsfagleg arbeid.
  • Bidra til omsorgssituasjonsutgreiing og støttande tiltak.
  • Rettleiing av kolleger og samarbeidspartnarar i eininga.
  • Samarbeide med andre psykologar i einskipa eining.

Skills

Samarbeids- og kommunikasjonsferdighei
Lærevillig og nysgjerrig
Organisering av arbeid

Education

Autorisert psykolog
Spesialistutdanning i klinisk barne- og ungdomspsykologi
Førarkort, bil

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling. Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det vil kunne vurderast ei stedleg tilknytting til avdelinga vår i Bergen, der ein vil ha høve til eit fagleg psykologfellesskap. Ved arbeidsstad i Bergen må ein pårekne jamlege reiser til avdelinga i Førde.

Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass.

Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert.

Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.

Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø.


Arbeidsoppgåver

Dette får du jobbe med hos oss:

  • Bistå i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
  • Bistå i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
  • Utøve oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn.
  • Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy.
  • Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og våre samarbeidspartar.
  • Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss.
  • Rettleiing av kolleger i eininga.
  • Samarbeid på tvers med andre psykologar i eininga.
  • Bistå andre senter i eininga ved behov

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning, primært innan innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen vil også være aktuelt. Autorisert psykolog kan vurderast, men det er då ønskjeleg med påbegynt spesialisering innanfor relevant fagområde.
  • Erfaring med utgreiing og rettleiing.
  • Erfaring med foreldra si psykiske fungering og familiar i risiko.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og forståing.
  • Førarkort personbil.

Bør-krav:

  • Sertifisering/ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn.
  • Undervisningserfaring.
  • Har ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter:

  • Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet. Deg som bringer nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis.
  • Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet.
  • Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.
  • Du organiserer arbeidsdagen din, som tar ansvar og bidrar til et godt arbeidsmiljø faglig og sosialt.
  • Du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690.000 - 750.000 pr. år, stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. 750.000 - 850.000 eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850.000 - 930.000.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan bli vurdert ved særskild kompetanse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Elles kan vi tilby:

  • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko.
  • Eit fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Du kan trene éi time per veke i arbeidstida.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod - og det mener vi har ein stor verdi i seg sjølv!

Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest, avdeling Førde.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykologspesialist/psykolog
Psykologspesialist/psykolog

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Førde

On-site
NOK 690,000 - 930,000
Faglig utvikling
Fleksibel arbeidstid
Trening 1 time per veke
+1
Psykologspesialist/psykolog
Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsplassen • Førde

On-site
NOK 690,000 - 930,000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Fleksibel arbeidstid
Trening 1 time per uke
+2
Vikariat som psykolog
Vikariat som psykolog

Margrete Brekke • Oslo

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Autonomi i arbeid
Trening i arbeidstiden
Pension via SPK
Vikariat som psykolog
Vikariat som psykolog

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Oslo

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Varierte arbeidsoppgaver
Autonomi
Trening i arbeidstiden
Fagrådgiver
Fagrådgiver

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Jessheim

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Fleksitidsordning
Trening i arbeidstiden
Gode arbeidsforhold
Fagrådgiver
Fagrådgiver

Tina Hansen Dalen • Ullensaker

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Lønn etter statlig regulativ
Pensjonsordning i SPK
Fleksitidsordning
+1
Vikariat som psykolog
Vikariat som psykolog

Arbeidsplassen • Oslo

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Varierte arbeidsoppgaver
Autonomi i arbeidet
Trening i arbeidstiden
Fagansvarlig ved nye Stjørdal ungdomssenter
Fagansvarlig ved nye Stjørdal ungdomssenter

Torgeir Meder • Stjørdal

On-site
NOK 550,000 - 760,000
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem
Tilkallingsvikar, Lågen ungdomshjem

Bufetat • Kongsberg

On-site
NOK 460,000 - 720,000
Pensjonsordning
Lån og forsikring
Beredskapshjem for barn
Beredskapshjem for barn

Stian Solli Aas • Drammen

On-site
NOK 587,000 - 696,000
Nettverk av andre beredskapshjem
Regelmessig gruppeveiledning og faglig
Avlastning minimum hver sjette helg
+3